Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Organisk gjødsel i jordbruket

Organisk avfall inneheld verdifulle næringsstoff som kan brukast til gjødsel og for å forbetra jordsmonn. Dette inkluderer mellom anna husdyrgjødsel, silopressaft, avløpsslam, vassverksslam, fiskeslam og kompostprodukt. For å verna miljøet mot forureining, finst det strenge krav for bruken av organisk gjødsel i jordbruket. Desse reglane er nedfelte i forskrifta om lagring og bruk gjødsel, og det er kommunen som har ansvar for tilsyn og forvaltning av lagring og bruk.

Tenesteomtale

Som jordbrukar kan du bruka gjødsel på jordbruksarealet ditt dersom du følgjer desse reglane for bruk og lagring:
  • Ha tilstrekkeleg lagringskapasitet for gjødsel.
  • Bruk gjødsel etter behov og følg grenser for nitrogen og fosfor.
  • Følg reglar for spredetidspunkt og nedmolding.
  • Ikkje sprei nær vassdrag, på snø eller på ikkje-godkjent areal.
  • Før gjødseljournal og ha ein oppdatert gjødslingsplan.
  • Meld frå til kommunen viss du skal bruka avløpsslam.
Samtidig er det ikkje tillat å
  • Spre på snø, frosen jord eller i vegetasjonssoner.
  • Overskrida grenseverdiar for nitrogen og fosfor.
  • Lagre gjødsel på flaumutsette område.
  • Bruka avløpsslam på matproduksjonsareal utan karantenetid.
Du kan søkja kommunen om
  • godkjenning av innmarksbeite som spredeareal (§ 17)
  • unntak frå krav til lagerkapasitet for husdyrgjødsel (§ 12)
  • auka fosfortilførsel på jordbruksareal (§ 20)
  • dispensasjon frå spredereglene (§ 32).
Du må senda melding til kommunen om
  • bruk av gjødselvarer med avløpsslam (§ 23).

Målgruppe

Jordbrukere.

Kriterium/vilkår

Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at krava til lagring og bruk blir overhalde, og kan krevja at verksemda rettar opp forhold som bryt med forskrifta.

Pris for tenesta

Du kan bli gitt eit tvangsgebyr dersom verksemda ikkje har retta opp forhold som kan forureina jord eller vatn.

Lover

Dette er ei lovpålagd oppgåve. Sjå spesielt forskrift om organisk gjødsel.

Jordlova
Folkehelseloven
Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
Forurensningsloven
Forskrift om gjødslingsplanlegging

Høve til å klage

Viss du har fått eit enkeltvedtak og er misfornøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 07.02.2025 11:59